Visebølga velta inn over Norge ein gong midt på 1960-talet. Det kan nesten alle vera einige om. 

Alf Cranners første LPIdar Lind

Men kom ho 12. mars 1966 da den amerikansk inspirerte gruppa The Sing Singers var dei første på scenen i Dolphins Viseklubb i Oslo? Eller var det Alf Cranner som starta det heile to år tidligare med ein LP med song, gitar og norske folkeviser? Kanskje skal kvinnene ha ein stor del av æra, Åse Kleveland og Birgitte Grimstad, som i 1965 og 1966 albumdebuterte med viser som dekte nær sagt alle relevante målformer, språk og sjangrar?

Eg lèt spørsmåla kvile til ein annan gong. I staden skal eg ta utgangspunkt i den vesle reservasjonen i avsnittet over: «nesten alle». Somme meinte, og somme meiner vel enno, at visebølga berre var eit lite skvulp i ein tung tradisjon som har levd og overlevd kontinuerlig frå den kvelden da den første songen vart sunge ved eit leirbål ein gong i urtida.

Visens Venner

Etableringa av Visens Venner i 1944 var inspirert av Samfundet Visans Vänner som starta åtte år tidligare i ein krets omkring Evert Taube. Som i Sverige var det også her til lands mulig for både amatørar og profesjonelle å bli medlem, men du måtte bli invitert inn. Forordet i boka Visens Venners viser – Første samling (1950) gir eit inntrykk av rammene:

Visens Venner, Første samling«Visens Venner er en krets av viseglade venner i Oslo. I dag er vi 29. Og stort flere kan vi i grunnen ikke godt være hvis vi skal kunne bevare det intime preg som visens form krever.»

Dei 20 visene i dei to samlingane frå 1950 og 1951 fortel noko om kva slags repertoar som vart dyrka. Det er lyriske og romantiske innslag, men humor er det dominerande uttrykket, både av det makabre og det lunare slaget. Fleire viser kan sporast tilbake til revytradisjonen på første halvdel av 1900-talet, som Chat Noir i Oslo og Hjorten i Trondheim, og ein god del av medlemmane hadde erfaring frå amatørrevyar. Somme songar av ukjent opphav kan vera ekte skillingsviser, men har eit parodisk preg. Drygt halvparten av visene har tekst og/eller melodi laga av i alt ni medlemmar. Av desse var Jens Gunderssen den einaste klassiske trubaduren, i den forstand at han framførte viser med eigen tekst og melodi og akkompagnerte seg sjølv på gitar eller lutt. Han har fått med heile fire bidrag i bøkene, to av desse har teatermannen og visesongaren frå Drammen gitt sørlandsk språkdrakt. Omtrent halvparten av visene er på dialekt, med Sørlandet og Trøndelag sterkast representert. Alf Prøysen har levert den mest vare og eksistensielle teksten.

I biografien Alf Prøysen – Præstvægen og Sjustjerna fortel Ove Røsbak at Prøysen, som vart votert inn i 1948, ikkje kjente seg heime i det akademisk dominerte Visens Venner. «Å, hvor lei han ble de innforståtte diskusjonene om viser i denne foreningen! Dessuten sang de visene på samme måten hele gjengen. Alf kunne ikke utstå det, han ville synge på sin måte.»

Men om Alf Prøysen ikkje deltok så ofte, var han likevel ein viktig medlem, ikkje minst i redaksjonen for Den første store viseboka (1954) og Den andre store viseboka (1955) saman med Thorbjørn Egner, Yukon Gjelseth og Kåre Siem. Formelt var ikkje dette eit prosjekt i regi av Visens Venner, men i praksis kom bøkene som eit resultat av aktiviteten i foreininga. Dei drygt fire hundre visene er ein grundig dokumentasjon av breidda i den norske og nordiske visetradisjonen. I nye utgåver sist på 1960-talet vart titlane endra til «Den røde» og «Den blå» og supplert med Den gule store viseboka (1970), der det også vart tatt med ei handfull bidrag av nyare årgang. Og sjølv om ein stor del av repertoaret i den veksande visebølga var ferskvare, vart også dei gamle visene sunge av unge entusiastar i klubbar og på festivalar.

Søndagsposten

I etterkrigsåra var det nær kontakt mellom Visens Venner og Norsk Rikskringkasting. Fleire av medlemmane var tilsette eller arbeidde for NRK som frilans. Otto Nielsen fekk fast jobb i 1957, og frå oktober gjekk Søndagsposten på lufta med nytt nummer annakvar veke. Frå første utgåve i den andre årgangen vart ein fjerdedel av det timelange radioprogrammet brukt til konkurransen «Den lille vise», der kravet var at dei innsende bidraga ikkje skulle ha meir enn 20 liner. Juryen var den faste redaksjonen, Otto Nielsen, Erik Bye og Alf Prøysen, forsterka med André Bjerke – også han medlem av Visens Venner. Seinare tok andre konkurranseformer over, i periodar med krav om at teksten skulle innehalde bestemte ord. Lyttarane sende òg inn viser uavhengig av konkurransane.

Det meste av det som kom, var tekstar utan melodi. Da stod «en rekke av våre beste komponister» «klare til å iføre visene den mest kledelige tonedrakt», som programleiar Erik Bye sa i januar 1958. Komponistane var mellom andre Bjarne Amdahl, Kristian Hauger, Finn Ludt, Robert Normann, Johan Øian og redaktør Otto Nielsen sjølv.

Pengegaloppen-omslagDen desidert mest produktive bidragsytaren, Vidar Sandbeck, var ein av dei som skreiv både tekst og melodi. Etter at nokre bidrag til «Den lille vise» var framførte av andre, stilte han ein dag opp sjølv for å synge Pengegaloppen. Visa vart gitt ut på plate og låg i 1959 som topp 10 på VG-lista i 22 veker. Der hamna også ei anna Søndagsposten-vise i 12 veker, Gull og grønne skoger. Andre gjengangarar i radioen var Ola Torader, Menuett i mai og På folkemunne – for å nemne nokre få av dei mange slagerane til Sandbeck.

Dei fleste bidragsytarane i Søndagsposten er mindre kjente enn tekstane dei sende inn, som Reidar Anthonsen med Genser’n te’n Johansen og Lille Jensen drar til Mandalay (begge med melodi av Bjarne Amdahl), Astow Ericson med Julekveld i skogen og Birger Jørstad med Hainnhoinn i bainn og Bli’ det poesi tå slekt? (alle tre med melodi av Otto Nielsen).

Også etablerte opphavsmenn og artistar var representerte i Søndagsposten, som Hartvig Kiran med Ofelias vise (tekst og melodi), Einar Skjæraasen med Trubadurvise (tradisjonell melodi) og Alf Cranner med melodi til Alf Prøysens Å, den som var en løvetann. Nest etter Vidar Sandbeck, var nok redaksjonsmedlemmane Prøysen og Otto Nielsen dei viktigaste leverandørane.

PlateetikettViser som slagermusikk

Mange kjente viser frå mellom- og etterkrigstida vart gitt ut på plate, men med orkesterarrangement som gav eit uttrykk som til forveksling likna all anna underhaldningsmusikk. Vokalt ligg framføringane nær stilen til det som vart kalla «grammofonsjarmørar», noko som også pregar den langt frå vellykka platedebuten til Alf Prøysen frå 1947 med to sentimentale songar akkompagnert av Columbia Salongorkester.

17. september året etter gjekk Prøysen i studio og laga tre reine viseplater: Fire barnesongar der komponisten Finn Ludt akkompagnerte på piano (Lillebrors Vise/Blåbærtur’n og Pelles bursda’/Cirkusvisa) og to viser for vaksne der Prøysen sjølv spelte gitar (Husmannspolka/På Hamar med slakt). Suksessen var enorm. Seinare på hausten kom ei lita bok med 12 viser, Drengestu’viser, som i løpet av kort tid selde meir enn 100 000 eksemplar.

DrengestuviserDei neste åra følgde Alf Prøysen opp med nye populære utgivingar med og utan orkester, men leverte også store slagerar til andre. Samarbeidet med Nora Brockstedt starta med eit brak på nyåret 1957 med Tango for to og B-sida Sønnavindsvalsen, begge med melodi av Bjarne Amdahl. Egil Monn-Iversens orkester sørga for eit smektande lydbilde, men innspelinga er likevel eit godt eksempel på at tekstane var sentrale i den norskspråklige underhaldningsmusikken.

Folk høyrde etter kva som vart sunge. Det kunne vera revyhumor med Lalla Carlsen eller Einar Rose, det kunne vera tåredryppande fleirstemt sentimentalitet med Søstrene Bjørklund eller Gunnar Engedahl og Erling Stordahl. Vokalgrupper og duoar var viktige, med Kurt Foss og Reidar Bøe som dei kanskje mest sentrale – i alle fall frå eit viseperspektiv. Svært mange av slagerane til «radiofantomene» var resultat av at duoen tonesette dikt av Arne Paasche Aasen, Jakob Sande og andre etablerte lyrikarar.

Ved inngangen til 1960-talet var visetradisjonen ein del av den norske slagermusikken, men i platehyllene var det lite å finne av «det intime preg som visens form krever», og som vart dyrka av Visens Venner.

Viseklubbar

Det dansk-norske ordet viseklubb kan sporast i alle fall tilbake til 1895, da Salmonsens store illustrerede Konversationsleksikon skreiv om den franske diktaren Louis-Charles Colmance at «som Deltager i de glade Viseklubber paa Knejperne – goguettes – begyndte han snart at forfatte Sange». Det er uvisst kor tidlig nordmenn begynte å samle seg på denne måten for å spela og synge for kvarandre, men fenomenet ser ut til å ha utvikla seg i etterkrigstida.

Ifølgje ein annonse i Aftenposten fekk Romerikslaget laurdag 14. februar 1948 besøk av Viseklubben i Sørlandslaget. Ein avisnotis frå 1950 fortel at kulturutvalet i Halden Arbeidersamfund hadde planar om å danne salongorkester, viseklubb, teatergruppe, språkgrupper og sjakklubb. I programmet for Studentersamfundets Fri Undervisning i Oslo for hausten 1952, er ei av studiegruppene «viseklubb», ei anna «svenska visor». Ein Aftenposten-annonse i 1957 har teksten «Viseklubben. Velkommen til sammenkomst fredag 8. mars kl. 19 i Lærerinnelagets hus, Peder Clausønsgt. 4. Begrenset antall nye kan bli med.»

Aftenposten-klippDet er uvisst om klubben med tilhald i Lærerinnelagets hus er den som også gir livsteikn frå seg i november 1958: «Viseklubb. Er De glad i viser, ring 69 66 15 for nærmere oppl. Møte hver tirsdag». Den siste formuleringa peikar mot miljøet som i januar 1959 rykker inn følgjande under «Personlig»: «SYNGER DU VISER? Skandinavisk Viseklubb vil gjerne ha deg som medlem. Møte hver tirsdag. Bm. ‘19417 – Amatører’.»

I Evert Taube-arkivet ved Göteborgs universitetsbibliotek ligg det eit brev poststempla i året 1957, skrive på brevpapiret til Hotel Continental/Theatercaféen:

Herr Evert Taube, Stockholm.

Vi har her i Oslo stiftet en viseklubb. Den er av helt amatørmessig karakter. Men da vi har medlemmer av forsk. nasjonalitet har vi tillatt oss å kalle den «Skandinavisk Viseklubb». Det ville være oss en stor glede om vi kunde få lov å ha Dem som æresmedlem herr Taube. Jeg har like siden mine tidligste barneår svermet for Deres viser, som for meg er noe av det beste som fins – vi her på andre siden grensen er fattige på den slags ting. Det er heller aldrig en aften her i klubben som det ikke blir sunget noe av Dem. Kommer De til Oslo så er De Hjertelig Velkommen hos oss. Jeg ville være meget taknemlig for å få motta et foto med Sign. av Dem.

De beste hilsen
Fra «Skandinavisk Viseklubb» v/Lars Frogner.
adr «Hotel Continental» Oslo

Skandinavisk Viseklubb eksisterte i minst sju år. Det siste sporet kan finnast i Aftenposten i november 1964. Da har klubben flytta til Samfundskaféen der det vart arrangert «viseaften».

Den eksklusive og til dels profesjonelle forsamlinga Visens Venner var altså ikkje den einaste møteplassen for folk som ville dyrke visekunsten før visebølga kom. Det er uvisst kor stort omfang aktiviteten hadde her til lands, men det var trulig relativt beskjedent – noko som snart skulle endre seg.

 

Tango for to-heftetFem utgaver av Søndagsposten fra 1959 kan høres på nett.

Visens Venners viser – Første samling:

http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010102606003

Visens Venners viser – Annen samling:

http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2011111108138

Alf Prøysen: Bare pappa hadde tid / Frøken gi meg himlens nummer 1947

https://youtu.be/fRbO6y0qmcg

Alf Prøysen: Husmannspolka / På Hamar med slakt 1948

https://youtu.be/FAWRfbsJedI

 

Publ. i VISOR nr 10, nov 2017.
Republisert her 5. feb 2018.