Ridderbilde

24. okt: Mellomalderballadar og jubileumsfest i Norsk Visearkiv

I haust er det 30 år sidan Norsk visearkiv vart starta og me ynskjer å markere dette. 24 oktober vert det seminar om mellomalderballadar på Nasjonalbiblioteket på dagtid og jubileumsfest på kvelden.

Ridderbilde
Programmet byr på foredrag av Norsk visearkivs tilsette om vitskaplege arbeid med mellom- alderballadar og problemstillingar knytta både til publisering, edisjonsfilologiske emne, utøvarar og samlarar. Dei tilsette ved Norsk visearkiv er Velle Espeland, Elin Prøysen, Astrid Nora Ressem, Ellen Wiger, Olav Solberg og Liv Kreken Kvalnes.

Ragnhild Furholt demonstrerar levande balladesong og i tillegg vert det innlegg frå nordiske forskarkollegaer om melodiar, forsking og framføring. Følgande balladeforskarar frå andre nordiske land deltek: Margareta Jersild (Sverige), Ann-Mari Heggmann (Finland) og Lene Halskov (Danmark).

Seminaret inkludert enkel lunsj kostar kr. 200,- og jubileumsmiddagen etterpå kr. 750,-

Meir informasjon kjem etter kvart, men meld deg på allereie no til: liv@visearkivet.no Det er begrensa med plassar så det gjeld å vere tidleg ute med påmelding.

Norsk visearkiv http://visearkivaren.blogspot.no/