Tønes: Son av eigne idear
Tønes er her med sitt sjette album, og det er eit ikkje så reint lite fantastisk album. I kjent Tønes-stil er det fullt av skildringar om folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske.