1. aug: Odd Nordstoga og Ragnar Hovland i Litteraturhuset

Oslo: Onsdag 1. august kl. 1900, gratis
Arrangør: Litteraturhuset

 «Grisen står og hyler, i den stille kveld. Han skal ikkje slaktast, men hyler likevel.» Kven hugsar ikkje desse linjene, frå Odd Nordstogas store hit for nokre år sidan? Teksten kjem frå eit dikt skrive av forfattaren Ragnar Hovland, med tittel «Kveldsong for deg og meg». Nordstoga og Hovland samarbeidde også på plata Pilegrim, der Nordstoga tonesette tekstar frå kapitlet «Dr. Munks andre reviderte songbook», i boka Åleine i Alpane.

No kjem dei begge til Litteraturhuset saman med journalist og forfattar Finn Tokvam for å samtale om musikktekstar, skriveprosessen og spenningsforholdet mellom litteratur og musikk. Kvelden vil også by på lyriske og musikalske framføringar.

Se også oppslag på Litteraturhuset.

Filed under: Hva skjer, Østlandet. Bookmark the permalink.