Velle Espeland fra Norsk Visearkiv skrev om visa for Norsk Viseforum i 1996:
Skjøn jomfru hun stander
Dersom ein skulle setje opp ei liste over Europas mest populære viser til alle tider, så er eg sikker på at denne visa ville få førsteplassen. Det er i alle fall ingen vise frå vårt århundre som kunne konkurrere med den.
Velle Espeland
Trass i at visa er mindre brukt i dag, har ho vore sunge på ei rekkje språk i sentral- aust- og nordeuropa gjennom i alle fall 700 år. I den vitskapelege utgåva av tyske ballader er det registrert over 2000 variantar av ‘Graf und Nonne’, som visa oftast vert kalla på tysk. Namnet kjem av at i dei eldste versjonane av visa kjem ikkje greven tilbake til jentas bryllup, derimot har ho gått i kloster og vorte nonne. Men følgjene vert like katastrofale.
Dei første spora etter visa finn vi i Tyskland og Nederland på slutten av 1400-talet, men det er tydeleg at visa alt da er velkjend og utbreidd. Visa har også vore velkjent her i landet, men i norsk balladesammanheng reknar vi det som ei ung vise. Ho har knapt meir enn 300 år på baken her hos oss. Hit har visa sikkert kome som dansk skillingstrykk på 1600-talet. Både språket og den beskjedne variasjonen mellom oppskriftene tyder på det.
Bortsett frå Birgitte Grimstad, som song visa på plate i 1967, er det få som har hatt visa på repertoaret i nyare tid. Vi er vel vorte så blaserte at vi har vanskar med å ta visa alvorleg. (Gruppa Folque hadde en versjon av den på sin første LP i 1974 – Red.anm.)
Denne versjonen er den som mi oldemor, Marit Grindstugun frå Sør-Fron, song. Visa vert sunge på fleire ulike melodiar, men dette er ei enkel utgåve av den melodien som er mest utbreidd i Norden.
Skjøn jomfru hun stander
Der ginger en skjønn jomfru på det høyande fjell
for at skue det dybende hav.
Da så hun et skip komme seglande,
så fullt utav grever som det var.
Den yngste og den allerminste greve,
som oppå skeppet var
Han ville med jomfruen trolova sig
så ung og så lit’n som han var.
Og greven tok gullringen utav fingeren sin
satte den på skjønn jomfruens hånd.
“Tag den, tag den, min lilla venn
til jeg kommer hjem igjen”.
Da årene sju var forgangne
kom greven tilbake igjen.
Han hilste og spurte sin fader så:
“Hvor er hun min kjæraste venn?”
“Du har altfor lenge faret om i fremmade land
ti i dag står din kjæreste brud.
Og hvem som skal bli din trolovade,
se, det vet aleneste Gud”.
Så sorgfull gikk greven i kammeret inn
for å kjemme sitt skjegg og sitt hår.
Så saler han sin gangare grå
for å ride til jomfruens gård.
Der trådte han i salen inn
tok jomfruens snehvite hånd.
Imedens de dansede gulvet omkring
da bleknede brudens kind
Og greven spurte skjelvende “Hvi er du så blek?
Hvor er kindernes rose så rød?”
Hun svarte: “Jeg har både hørt og spurt
at du skulle lenge være død”.
Så sorgfull gikk greven seg i kammeret inn
og hans kind var som sneen så blek.
Så satte han seg på forgyllade stol
og skreve de brevene tre.
Da brevene vare tilende
og timen utrunden var,
da tok han fram sitt blanke sverd
og jog det i sitt unge liv