Lør 30. okt: Lionheart på Knutehytta

Lørdag 30. oktober er det igjen viser på fjellet. Fra kl 13.30 til 16. 30 får turgåerne og vårt faste publikum allsang og konsert på Knutehytta.

LionheartHovedartist er denne gangen den norskamerikanske duoen Lionheart. Den består av Sarah Nagel og Leo Leonhardsen. Mange har spurt etter denne duoen etter forrige gang de var her.
Gjesteartist er Trine Brincker Fjerdingstad. Hun synger til visemannen Leos akkompagnement og har markert seg som en sanger vi har blitt glade i. Trine og Leo har blitt et visepar som flere har spurt etter på fjellet.
Og det er ennå mulighet for flere å ta med instrument og opptre.

Velkommen til en stemningsfull ettermiddag på fjellet.

Om Lionheart:

Den amerikanske felespelaren og songaren Sarah Nagell og den norske visesongaren Leo Leonhardsen har sett saman eit program basert på norske og nordamerikanske folketonar og viser. Dette er eit møte mellom nyare viser og tradisjonsmusikk.

I dette møtet får me høyre norsk kveding midt i Joni Mitchells Woodstock. Me får høyre feleslåttar som mellomspel og akkompagnement til nyare viser, folketonar med fornya rytme og tonedrakt i duell mellom gitar og fele, og bånsullar der bygdeviser kan ende opp i bluesdrakt. Dette er musikalsk bryting mellom tradisjonar og sjangrar, der respekten for tradisjonane og sjangrane er viktig.

Sarah Nagell er utdanna songar og fiolinist med master frå Arizona i USA. I tillegg har ho studert norsk folkemusikk og held på med master i norsk folkemusikk i Noreg. Ho har opptrett på festivalar og ved andre høve i USA, Canada, Japan og Europa. Hennar forkjærleik for irsk/skotsk musikk og bluegrass kjem fram i enkelte melodiar. I tillegg har ho eit solid grep om norsk folkemusikk.

Leo Leonhardsen som BellmanLeo Leonhardsen har musikkutdanninga si frå Høgskolen i Østfold med klassisk gitar som hovudinstrument. Han har bakgrunn i nordisk klassisk visetradisjon og i nordnorsk folkeleg songtradisjon. Musikken i songane hans er prega av amerikansk folk og bluegrass. I nokre av songane kjem og inspirasjonen frå spansk og gresk folkemusikk.
Han har fleire plateproduksjonar bak seg, 30 år med turnear i Norden, attraktiv akkompagnatør, Taube -, Bellman – og Teodorakis-forestillingar, og allsongserien ”Songar på blå resept” m.m.

Då desse artistane og musikkstilane møttest viste det seg at dei har mykje felles. Asymmetriske rytmar og ”skeive” tonar fungerar godt i samspel mellom fele og gitar. Dei fyrste improvisatoriske konsertane med desse to utøvarane blei tatt så godt imot at fleire miljø spør etter musikken deira. Det seier både amerikanske og norske tilhøyrarar.

Du kan finne meir informasjon på www.singingfiddler.com og www.visemannen.no.

Filed under: Tidl. arrangement. Bookmark the permalink.