NVF-banner

Norsk Visearkiv:

Ballader i Norge

26. jan 2008: Databasen inneholder nå 252 oppskrifter.

Hovedredaktør: Velle Espeland

Tekstredaktør: Elin Prøysen

Melodiredaktør: Astrid Nora Ressem

Databaseredaktør: Christian-Emil Ore.

Til Norsk Visearkiv


Endeleg på nettet: Ballader i Norge

Balladane er ei gruppe gamle folkeviser med ei rekkje felles kjenneteikn. Ofte blir dei kalla mellomalderballadar. Vi har ingen sikre kjelder som kan fortelje at balladane fanst i mellomalderen, men likevel reknar vi med at genren kan ha funnest så tidleg som på 1300-talet. Innhaldet i visene tyder på mellomalder; religionen er førreformatorisk katolisisme, og dei historiske balladane fortel om hendingar eller personar frå omkring 1300.

 

Noteeksempel

Eksempel på noteutskrift frå databasen.
(c) Norsk Visearkiv

Mesteparten av dei norske balladeoppskriftene har lege bortgøymt i ulike arkiv i over hundre år. Dei andre nordiske landa har for lengst gitt ut sine balladar i store bokverk. Danmark var først ute med Danmarks gamle Folkeviser, som kom ut i 12 band frå 1853 til 1976. I Sverige kom Sveriges medeltida ballader ut frå 1983 til 2001 - den inneheldt også dei svenskfinske balladane. Færøyingane fekk si utgåve, Corpus Carminum Færoensium. Føroya kvæði frå 1951 til 1972, og Íslenzk fornkvæði kom ut frå 1962 til 1970.

I 1992 starta Norsk visearkiv, Norsk folkeminnesamling og Dokumentasjonsprosjektet på Universitetet eit samarbeid for å gjere dei norske balladeoppskriftene tilgjengelege. I denne fasen var det berre tekstane som vart digitalisert. Dokumentasjonsprosjektet avslutta innskrivinga i 1998 og ca. 4000 tekstar vart lagt ut på Internett sjølv om kvaliteten på mange av oppskriftene ikkje heldt vitskapelege mål. Etter det starta Norsk visearkiv eit prosjekt for å digitalisere melodioppskriftene - etter kvart kom også arbeidet med å rette opp og supplere tekstbasen i gang.

For at brukarane skal kunne vite om materialet dei finn fram til er pålitande og korrekturlest, er dette nye materialet lagt i ein eigen database. Desse to databasane er førebels knytt til kvarandre slik at ein kan finne tilvisingar frå den nye databasen (Ballader i Norge) til den gamle, men det blir då gjort merksam på at ein er i den eldste basen. Etter kvart som den nye databasen blir fylt opp, vil den gamle bli sletta.

I første omgang kjem databasen til å innehalde digitaliserte originaloppskrifter av balladar på papir. I tillegg til digitaliserte tekster og noteoppskrifter ønskjer vi også etter kvart å legge ut faksimilar av originalane, korte biografiar om songarar og samlarar og litteraturtilvisingar. Frå 1900-talet finst det også mange balladar dokumentert på lyd, både feltopptak, publiserte arkivopptak og ikkje minst utgjevingar med nolevande songarar. Etter kvart vil vi i tillegg til litteraturtilvisingane også legge ut tilvisingar til slike opptak og publikasjonar, gjerne også med lenker til nettstader som t. d. musikkonline.no.

Omtalen er henta frå Ballade-databasen si heimeside.


Til forsida | Om oss | Musikkpolitiet | Klubber | Hva skjer? | Artistguide | Oppslag


  Norsk Viseforum - Pb 4647, 0506 Oslo - Besøksadr. Trondheimsvn. 2 - Telefon: 22 00 56 30  |  Design/ webred: Øyvind Rauset, rauset.no