Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Stemma. Sidsel Endresen, Solveig Kringlebotn og Grutle Kjellson

6. sep 2017 kl 19:00 - 20:00

Stemma er vår mest umiddelbare uttrykksform. I musikken kan ulike måtar å nytte stemma på vere heilt avgjerande for det musikalske uttrykket. Ikkje berre for å skildre stemningar, men òg for å definere og markere sjanger. Korleis kan ein jobbe med stemma som instrument på ulike vis?

Sidsel Endresen er ein av dei mest kjende vokalkunstnarane i Noreg, og har vore banebrytande mellom anna i jazzimprovisasjon. Operasongar Solveig Kringlebotn er blant Nordens leiande sopranar og har stått på ei rekkje operascener verda rundt. Grutle Kjellson er vokalist i det progressive metal-bandet Enslaved, og meistrar den djupe, rallande growl-en som kjenneteiknar sjangeren til fingerspissane. No møter dei musikkjournalist Guttorm Andreasen til samtale om stemma i ulike sjangrar.

Arrangementet er ein del av serien «Musikklære».

Korleis byggje ein perfekt låt eller ein symfoni? Kvifor har trioen alltid vore ei så populær bandsamansetning? Kva utfordringar møter albumformatet i den moderne musikkvardagen, og korleis er stemma med på å forsterke musikalske sjangeruttrykk?
Musikalske medium, format og uttrykk er i stadig rørsle, frå spontane ytringar i vikingtida via munnleg tradering i mellomalderen fram mot grammofonplater, kassettar, musikkvideoar og digital strøyming. Nasjonalbiblioteket inviterer i haust musikarar og fagpersonar til å snakke om ei rekkje musikalske former i utvikling. Kva ser vi på som nyskapande i dag, og korleis påverkar dei ulike musikalske uttrykka kvarandre på tvers av tradisjonelle sjangrar og format?�

06.09 | Stemma. Sidsel Endresen, Solveig Kringlebotn og Grutle Kjellson
20.09 | Symfonien. Lars Petter Hagen, Eivind Buene, Erling Gulbrandsen og Ida Habbestad Andreasen
11.10 | Låten. Don Martin, Anne Danielsen, Stig Karlsen og Askil Holm

Detaljer

Dato:
6. sep 2017
Tid
19:00 - 20:00

Sted

Nasjonalbiblioteket
Henrik Ibsens gate 110, Solli plass
Oslo, 0255 Norway

–> Legg inn et visearrangement her – konsert, kurs, møte osv. Ta med bilde (i jpg-format, under 2 MB) og skriv kort om arrangementet.