Laster Hendelser

« All Hendelser

Slippkonsert: Der draumar sviv – Haugtussa i nye tonar

27. jan 2020 kl 19:30 - 21:00

330kr
Pressebilde

Måndag 27. januar 2020 får vi høyre nykomponert musikk til Haugtussa av Arne Garborg i Kulturkirken Jakob.

Albumet «Der draumar sviv» er sett saman av 14 nye tonsetjingar av sentrale dikt i diktsyklusen frå 1895. Komposisjonane er laga av Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan på tinging frå Nasjonalt Garborgsenter. Haugtussa er eit hovudverk i norsk litteratur. Skildringane av kjærleik og lengt, tru og tvil, mystikk og menneskenatur er like aktuelle no som i 1895. Musikken har element frå visetradisjon, pop, jazz og folkemusikk. Songar Jorunn Undheim vaks opp på Jæren. Knudaheio, diktarstova til Garborg, ligg på garden til foreldra hennar, og marka rundt er barndomslandskapen hennar. Like ved ligg heiene der Garborg var gjetar som barn, og minna frå den gongen var viktige då han skildra naturen i Haugtussa. Til Kulturkirken Jakob kjem det eit stjernelag av norske musikarar:

Tarjei Nysted (nøkkelharpe, fiolin)
Kjell Harald Litangen (gitarar)
Jan Olav Renvåg (kontrabass)
Christian Svensson (trommer)
Hanne Vasshus (vokal)
Bjørn Einar Hanstveit (perkusjon)
Bjørge Verbaan (tangentar)
Jorunn Undheim (vokal)
Kjell Olav Stangeland (dikt)

Oslo Strings:

Lise Sørensen Voldsdal (fiolin)
Ragnhild Lien (fiolin)
Isa Caroline Holmesland (bratsj)
Kaja Fjellberg Pettersen (cello).

Pris: 330 / 270 kr.

Detaljer

Dato:
27. jan 2020
Tid
19:30 - 21:00
Kostnad:
330kr
Hendelse Kategori:

Sted

Kulturkirken Jakob
Hausmanns gate
Oslo, Oslo Norge
Hjemmeside:
http://www.jakob.no/

Arrangør

Kulturkirken JAKOB

–> Legg inn et visearrangement her – konsert, kurs, møte osv. Ta med bilde (i jpg-format, under 2 MB) og skriv kort om arrangementet.