Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Den rosa songen. Eldar Vågan syng leilighetsviser og samtalar med Kari Slaatsveen og Liv Kreken

16. sep 2016 kl 18:00 - 19:00

Visste du at då kong Karl Johan døydde i 1844, komponerte Emma Dahl melodien til ei nyskriven vise av Henrik Wergeland på berre ein time? Eller at Petter Dass skreiv «Det hender seg ofte» som ei bryllaupsvise til gode vener i 1703?

Leilighetsviser er meir enn naudrim på rosa papir, og i visearkivet til Nasjonalbiblioteket finn du haugevis av slike ført i pennen av kjende forfattarar og gamle tanter, skrivne til jubilé, firmafestar eller rakefisklag.

Eldar Vågan syng som regel om livet ved Mjøsa saman med Vazelina Bilopphøggers. No framfører han leilighetsviser og samtalar med Kari Slaattsveen og forskingsbibliotekar Liv Kreken.

Arrangementet er ein del av Oslo Kulturnatt.

 

Publ. 30. aug 2016

Detaljer

Dato:
16. sep 2016
Tid
18:00 - 19:00
Hendelse Kategorier:
,
Hendelse Tags:
,

Sted

Nasjonalbiblioteket
Henrik Ibsens gate 110, Solli plass
Oslo, 0255 Norway

–> Legg inn et visearrangement her – konsert, kurs, møte osv. Ta med bilde (i jpg-format, under 2 MB) og skriv kort om arrangementet.