Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Meir enn auget kan sjå. Per Maning, Eline Mugaas og Kåre Bulie

24. mai 2017 kl 19:00 - 20:00

I 1970-åra blei fotografi for første gong omtalt i norsk kunstpresse, og så seint som i 1996 uttalte Kulturdepartementet at fotografi er å rekne som kunst. Men kunstnarar har sidan 1800-talet bidrege til forståinga av fotografiet som meir enn objektiv representasjon av verkelegheita. Kva definerer fotografiet som kunstnarisk uttrykk i dag?

Per Maning har hatt stor innverknad på utviklinga av det norske kunstfotografiet sidan 1980-åra, og verka hans heng no på galleri over heile verda. Eline Mugaas har også særleg blitt lagd merke til for korleis ho brukar fotografiet og er i vår aktuell med separatutstilling på Galleri Riis. No møter dei kunstkritikar Kåre Bulie til samtale.

Foto: Eline Mugaas. Galleri Riis. Green Room 2014.

————-
I éin magisk augeblink stemmer alt: Lys, komposisjon og blikket til fotografen gjennom linsa går opp i ein høgare einskap og blir forvandla til noko anna og meir. Men kva er eigentleg det perfekte fotografiet? Og korleis har vårt blikk på fotografiet – og sjølve det fotografiske blikket – endra seg gjennom tidene?

Nasjonalbiblioteket forvaltar delar av den norske fotohistoria og har fleire millionar bilete i samlingane sine. I vår ser vi nærare på tre fotografiske sjangrar: krigsfotografiet, fotojournalistikken og fotografiet som kunstnarisk uttrykk.

26. april | Den aller viktigaste augeblinken. Kyrre Lien, Jonas Bendiksen, Andrea Gjestvang og Elli Trier
https://www.facebook.com/events/1896310210645729/

19. mai | Å fotografere krig. Espen Rasmussen, Kristin Aasbø og Åshild Eidem
https://www.facebook.com/events/1375463965866244/

Detaljer

Dato:
24. mai 2017
Tid
19:00 - 20:00

Sted

Nasjonalbiblioteket
Henrik Ibsens gate 110, Solli plass
Oslo, 0255 Norway

–> Legg inn et visearrangement her – konsert, kurs, møte osv. Ta med bilde (i jpg-format, under 2 MB) og skriv kort om arrangementet.