Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Låten. Don Martin, Stig Karlsen, Anne Danielsen og Askil Holm

11. okt 2017 kl 19:00 - 20:00

Ein stad mellom melodi, harmoni, rytme, klang og tekst finst den perfekte låten. Enkeltlåten hadde si stortid med singelplata på 60-talet, og med dagens spelelister og digitale strøyming er enkeltlåten no sterkt tilbake. Korleis jobbar låtskrivarar i ulike sjangrar for å snekre den optimale låten? Den som festar seg i skallen til publikum og spreier seg som eld i tørt gras. Og korleis påverkar nye digitale media denne prosessen?

Don Martin (Martin Ahzami Raknerud) blir rekna som ein av veteranane i det norske hiphop-miljøet. Stig Karlsen er prosjektleiar og musikalsk leiar for Melodi Grand Prix, og musikkprofessor Anne Danielsen er spesialist på mellom anna pop, rytme og musikkproduksjon. No møter dei Askil Holm, artist og faglærar på Låtskriver-og artiststudiet ved UiA, til samtale om låten som aldri døyr.

Arrangementet er ein del av serien «Musikklære».

Korleis byggje ein perfekt låt eller ein symfoni? Kvifor har trioen alltid vore ei så populær bandsamansetning? Kva utfordringar møter albumformatet i den moderne musikkvardagen, og korleis er stemma med på å forsterke musikalske sjangeruttrykk?

Musikalske medium, format og uttrykk er i stadig rørsle, frå spontane ytringar i vikingtida via munnleg tradering i mellomalderen fram mot grammofonplater, kassettar, musikkvideoar og digital strøyming.

Nasjonalbiblioteket inviterer i haust musikarar og fagpersonar til å snakke om ei rekkje musikalske former i utvikling. Kva ser vi på som nyskapande i dag, og korleis påverkar dei ulike musikalske uttrykka kvarandre på tvers av tradisjonelle sjangrar og format?

06.09 | Stemma. Sidsel Endresen, Solveig Kringlebotn og Grutle Kjellson

20.09 | Symfonien. Hagen, Buene og Gulbrandsen

11.10 | Låten. Don Martin, Stig Karlsen, Anne Danielsen og Askil Holm

Detaljer

Dato:
11. okt 2017
Tid
19:00 - 20:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/2026157740950575

Sted

Nasjonalbiblioteket
Henrik Ibsens gate 110, Solli plass
Oslo, 0255 Norway

–> Legg inn et visearrangement her – konsert, kurs, møte osv. Ta med bilde (i jpg-format, under 2 MB) og skriv kort om arrangementet.