Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Høtt sa du? Linda Eide, Arne Torp, Tor Erik Jenstad & fleire

20. mars kl 19:00 - 20:00

Mellom fjell og fjordar har dei norske dialektane funne si form heilt sidan før norrøn tid. Korleis vi snakkar seier noko om kven vi er, og kvar vi kjem frå.

Vi har eit lidenskapeleg forhold til dialektane våre her i Noreg. Fredagar på 80-talet sat vi klistra til tv-skjermen for å gjette oss fram til rett målføre i NRK-programmet «Har det på tunga…». No blæs Nasjonalbiblioteket og Språkrådet liv i det talemålske konkurranseinstinktet. Linda Eide er programleiar, og på kvart sitt lag skal dialektekspertane Arne Torp, Tor Erik Jenstad og fleire konkurrere med kvarandre og publikum i kunnskapen om palatalisering, apokopar og kløyvd infinitiv.

Fullt program kjem på nb.no.

Arr: Språkrådet og Nasjonalbiblioteket

Detaljer

Dato:
20. mars
Tid
19:00 - 20:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/312138162631382

Sted

Nasjonalbiblioteket
Henrik Ibsens gate 110, Solli plass
Oslo, 0255 Norway

–> Legg inn et visearrangement her – konsert, kurs, møte osv. Ta med bilde (i jpg-format, under 2 MB) og skriv kort om arrangementet.