Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Havella. Susanne Lundeng, Ove Larsen og Tuva Syvertsen

15. des 2017 kl 19:00 - 20:00

Havella er ei lita and, ofte sett langs kysten i Nord-Noreg, og ho har gjeve namn til ein slått som er særeigen for Lofoten og Salten. Ein liten vals som hermar lyden til den vesle fuglen.

I den norske folkemusikktradisjonen er musikken uløyseleg knytt til dei gode forteljingane, og dei gode forteljarane er høgt skatta. Felespelar og komponist Susanne Lundeng er av dei fremste folkemusikarane i landet og har bidratt sterkt til å sette den nordnorske folkemusikken på kartet. I 2016 vann ho Spellemannprisen for plata 111 Nordlandsslåtter – hilsen Susanne Lundeng. Felespelar Ove Larsen var den fyrste som tok doktorgrad på nordnorsk folkemusikk, og er i dag professor i musikkvitskap ved Nord universitet. No møter dei felespelar og vokalist Tuva Syvertsen til ei samtale der dei gode historiene står i sentrum.

Ove Larsen. Foto: Ketil Born
Susanne Lundeng. Foto: Guri Dahl
Tuva Syvertsen. Foto: Knut Utler

Detaljer

Dato:
15. des 2017
Tid
19:00 - 20:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/1329622523815269

Sted

Nasjonalbiblioteket
Henrik Ibsens gate 110, Solli plass
Oslo, 0255 Norway

–> Legg inn et visearrangement her – konsert, kurs, møte osv. Ta med bilde (i jpg-format, under 2 MB) og skriv kort om arrangementet.