Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Gipsgutten og Liti Kjersti. Svendsen, Myhren og Syvertsen

21. sep 2017 kl 19:00 - 20:00

I skillingsvisa «Gipsgutten» frå 1869 møter vi ein gut som går i lære hjå dei italienske brørne Guidotti, dei fyrste gipsmakarane i Christiania. I mellomalderballaden «Liti Kjersti» møter vi jenta som blir bergteken og får barn med bergekongen. Både gamle og nyare folkeviser gjev oss eit kikhol inn i livet til folk som har levd før oss. I den norske folkemusikktradisjonen er musikken uløyseleg knytt til dei gode forteljingane, og dei gode forteljarane er høgt skatta.

Visesongar Kari Svendsen og kvedar Øyonn Groven Myhren er to av dei fremste folkemusikkformidlarane våre. No møter dei spelekvinne og vokalist Tuva Syvertsen til ei samtale om oslogutar, bergtekne jenter og andre gode historier frå folkeviseuniverset.

Arrangement i same serie:

07.09 | Myllargutens bruremarsj. Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa og Tuva Syvertsen

Detaljer

Dato:
21. sep 2017
Tid
19:00 - 20:00

Sted

Nasjonalbiblioteket
Henrik Ibsens gate 110, Solli plass
Oslo, 0255 Norway

–> Legg inn et visearrangement her – konsert, kurs, møte osv. Ta med bilde (i jpg-format, under 2 MB) og skriv kort om arrangementet.