Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Tronzo Bokhandel: Federico García Lorca

1. mar 2017 kl 16:30 - 17:30

Ragnar Hovland og Tove Bakke kom i vinter med ei ny gjendikting av Federico García Lorca, denne udødelege poeten som vart myrda av fascistanes politi i 1936, 38 år gammal.

Lorca er det 20. hundreårets største spanske poet, og dikta hans rustar ikkje, men formidlar rike sanseopplevingar gjennom tid og rom til oss i Norge 2017. Uvanleg musikalitet, sensualitet og bildeskapande evne kjenneteiknar alt Lorca gjorde.

Boka “Grøn vil eg ha deg grøn” hentar materiale frå heile diktarskapen hans, frå barnedikt, suitar og balladar til heftig utfall mot både paven og Wall Street-dikt. Med sine vel 500 sider er det den mest omfattande samlinga til no av Lorcas poesi på norsk.

Gjendiktarane vil lese opp på norsk og tildels spansk, og dte blir musikals innslag fra Karl Seglem, som har skrive eigen musikk til fleire Lorca-dikt.

Ons 1. mars kl 16.30 på Tronsmo Bokhandel, Universitetsgata 12, Oslo. 
Arrangementet er gratis og åpent for alle.
Enkel servering.

 

Publisert: 28. feb 2017

Annonser

Detaljer

Dato:
1. mar 2017
Tid
16:30 - 17:30

Sted

Tronsmo Bokhandel
Universitetsgata 12
Oslo, 0164 Oslo Norway

Arrangør

Tronsmo Bokhandel

–> Legg inn et visearrangement her – konsert, kurs, møte osv. Ta med bilde (i jpg-format, under 2 MB) og skriv kort om arrangementet.