Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Blod og eld! Linnestå, Valla, Haugen og Haugen om Dagny Juel

7. jun 2017 kl 19:00 - 20:00

Ho blei drepen av eit skot mot bakhovudet og levde eit stormfullt og kompromisslaust liv. Forfattaren og musikaren Dagny Juel (1867–1901) var sentral i den norske bohemkretsen og braut med tradisjonar både i liv og dikting. Sjølv om tekstane ho skreiv, var få i talet, utfordra dei litterære konvensjonar og uskulda i samtida.

Kristin Valla gjekk i fotspora til Juel i boka «Skuddene i Tbilisi» frå 2006. Saman med forfattar og dramatikar Aasne Linnestå og litteraturvitar Trond Haugen ser ho nærare på dei originale tekstane og det dramatiske livet til den myteomspunne kunstnaren. Samtaleleiar er redaktør i Bokmagasinet Karin Haugen.

Detaljer

Dato:
7. jun 2017
Tid
19:00 - 20:00

Sted

Nasjonalbiblioteket
Henrik Ibsens gate 110, Solli plass
Oslo, 0255 Norway

–> Legg inn et visearrangement her – konsert, kurs, møte osv. Ta med bilde (i jpg-format, under 2 MB) og skriv kort om arrangementet.