CD-omslag

Liv Kreken: Dim Sum (CD)

Visediktaren Liv Kreken kom for kort tid sidan ut med det andre albumet sitt, Dim Sum, etter platedebuten Søt og snill i 2010. Liv Kreken fekk god omtale for denne plata av anmeldar Skaanes her på Viseforum. Søt og snill var prega av fandenvoldske, småironiske og broddfulle tekstar, i følge Skaanes. Denne gongen møter vi eit meir personlig og sterkt, men ofte várt uttrykk,  i ei fin og variert musikalsk innpakning.     

CD-omslag

Arild Sundt

Tittelen på plata treng jo ei forklåring. Dim Sum er ei kantonesisk nemning på dei ulike smårettana som blir servert ved eit lettare kinesisk måltid, skriv Kreken. Eg er usikker på om Kreken har tenkt på at tittelen skal kaste eit naturleg eller finurleg ljos over tekstane eller temaet på plata. Dim Sum har blitt ei plate som er god å høyre på, då det musikalske held høgt nivå, med gode melodiar, kreative arrangement og skikkelege musikarar. Liv Kreken har skrive alle tekstar og melodiar sjølv, bortsett frå spor 6 (Anna Döbling).  Gunnar Nordén står, som på førre plata, for produksjon, innspeling, arrangement og mix.

Brot og møte

I tillegg til den gode musikalske produksjonen, er den største kvaliteten ved denne plata at Liv Kreken har klart å reindyrke tematikken i tekstane. Med berre eit unntak har alle tekstane anten brot eller møte som tema, eller samlivsbrot eller forelsking, om du vil. Utan at eg veit noko om det, er det vanskeleg å tenkje seg ein så reindyrka tematikk utan at Liv Kreken sitt eige liv har vore prega av det same den siste tida, utan at det er noko merkverdig med det. Eg vil også nemne at det er svært gledeleg at Kreken vel å skrive og syngje på nynorsk og dialekt. Det skjer jo ikkje ”kvar dag”. Ho er frå Jostedalen i Sogn, men har budd på austlandet sidan 1995, kan vi lese på nettet.  Det slær meg også at dei fleste av tekstane på plata har eit sterkt og personleg innhald eller beint fram sagt gode og personlege historier. Dette pregar også forma på fleire av songane, som faktisk er  svært forteljande. Noteringa og språkstil i  tekstheftet er stort sett stødig, men eg finn noko unødvendig feil og grums, som skulle vore rydda vekk.

Song nummer ein, Gatelangs er ein sterk låt i ein ganske rocka stil og med ein av dei beste tekstane på plata. Her nyttar Kreken eit tettare og meir lyrisk formspråk enn på mange av dei andre songane i samlinga, som oftast er i forteljande stil, ein slags prosalyrikk. Gatelangs skildrar eit tilfeldig og sterkt møte med ein tidligare kjærast, der eg-personen rett og slett har dårleg samvit fordi ho ein gong gjekk frå denne mannen. Håpet om eit samliv med mannen er borte, likevel tenkjer ho på: kor mykje du var verd for meg den gongen eg var di, og ho er redd for at han lenge etter slit med øydeleggjande sakn: ei fryktelige tanke eg vil aldri komme frå: eg er den som øydela et liv. I denne teksten er det brukt gode og rytmiske a-b-a-b- rim.

Neste song, Haustfargar, i rolig vár viserock-stil, skildrar også eit samlivsbrot der haustens fargar frå gult og raudt til brunt og svart er metaforar for opplevinga av forholdet, frå kjærleik, varme og lykke til visna kjensler. Dette er ein song som nyttar mange ord og som klårt får fram  korleis forholdet rivast gjennom tvil, håp, tru, mismot og brot.

Song nummer tre, Eit einaste møte skildrar várt og fint dei sterke kroppslege kjenslene ein kan kjenne ved ei forelsking, også i mogen alder. Songen er også av dei meir lyriske og formtette på plata. Musikken med piano og fiolin i utsøkt og stemningsfullt samspel lyftar teksten slik at songen er av dei beste på plata.

Neste song, Siv, er ei av fleire songar med ein sterkt forteljande tekst. Teksten handlar om ei beskjeden og noko naiv jente som er forelska i Sigurd. Som så mange før ho veit ho ikkje korleis ho skal kome i kontakt med Sigurd: men ho får liksom aldri sjansen og snart er ho desperat. Ho er så fortvila over dette at ho til og med vurderer å hoppe i elva, men plutselig så innser ho at ho ikkje må gje opp. Siv må gå fest på jobben, då ho sit i festkomiteen. Det som  gjer forteljinga om Siv og Sigurd verkeleg interessant og sterk er at vi også får Sigurd sin versjon av denne historia, i song nr. 10, Sigurd. Fyrste vers syng til og med Liv Kreken akkapella, og det går heilt fint. Resten av songen ruslar vidare med nydeleg slentrande komp. Sigurd som også er forelska i Siv, går på festen på jobben. Han har planlagt å by henne opp til dans, men på festen får han ikkje kontakt med Siv, for det var ingen som spelte til dans. 

Song nr. fem, Morgonstemning, må også nemnast, då han får fram ein litt pikant situasjon som kan oppstå i kjærleiksrusen. Dei elskande har det so fint og jobben får segle sin egen sjø i dag, eg ringde og sa eg var sjuk. At ein kan vere frista er ikkje vanskeleg å fatte, men å gjere det, tja, men ”å innrømme det”?  Her finn vi også ei enkeltline med kvalitet: ..det fins ingen bedre kjærleikserklæring i frå deg enn at du ligge har taus.

Song nr. 7, Brudevals, skildrar det vonde, pinsame, men velkjende situasjonen der brura angrar på giftarmålet foran alteret. Elles må siste songen på plata nemnast. Han heiter heilt naturleg Siste dansen, og rammar fint inn tematikken ved eit endeleg samlivsbrot. I denne songen er alt, akkurat som kjensla ved brotet, tatt heilt ned. Eit fint punktum for plata.

Alt i alt har Liv Kreken laga ei god og sterkt personleg plate, der dei sterkaste sidene ved plata er den tekstlege innhaldsmessige heilskapen, og den svært gode og varierte musikken.

CD: Liv Kreken: Dim Sum
FXCD 387, Kirkelig Kulturverksted, 2013.

– Se også Stine Mari Forsbergs omtale av Dim Sum: «Jazz på nynorsk».


Siste: Liv får god kritikk i spansk radiokanal

Liv KrekenTorsdag 11. april presenterte den anerkjente verdensmusikkreporteren Albert Reguant «noe av det beste nye i den moderne verdensmusikken i dag» i programmet «Hidrogen» på den katalanske radiokanalen iCatfm. I den forbindelse ble Liv Kreken trukket frem som et eksempel på dette og  «Gatelangs» og «Siste dansen» fra hennes nye album Dim Sum ble spilt. Dim Sum kom ut på Kirkelig kulturverksted i februar 2013.

Programmet kan høres her. Innslaget starter ca 26:10 ut i programmet og Reguant berømmer blant annet Krekens myke stemme og at hun skriver all musikk selv.

Albert Reguant er en av grunnleggerne av World Music Charts Europe, ett nettverk av reportere med spesialfelt verdensmusikk tilknyttet European Broadcasting Union. Han skriver også for musikkmagasinet «World 1 Music».

  • Se også et større oppslag om dette i Sogn Avis.