Svartedauden kjem
Pesta, personifiseringa av Svartedauden. Teikning: Theodor Kittelsen.

Nordmørsgruppa «Skuggsjå» og Kolbjørn Botten

Visegruppa Skuggsjå

I 1979 vart visegruppa «Skuggsjå» stifta. Initiativtakar og hovudvokalist var Kolbjørn Botten (f. 1942) frå Valsøybotn i Halsa. Reportoaret til «Skuggsjå» (norrønt for «spegel») var i stor grad bygd på gamal historie og segner frå Nordmøre. Botten komponerte dei fleste av melodiane, tekstane var av lokale Nordmørs-diktarar.

Kenneth Kiplesund

Dei andre medlemmene i «Skuggsjå» var Gerd Foros: song, Ole Johan Botten: bass, Eistein Bæverfjord: trekkspel, Bernt Bøe: blokkfløyte, Solveig Johansson Grytbakk: fløyte, Jostein Dønnem: gitar og Karstein Svendsli: fiolin.

To LP-plater

Gruppa gav ut to LP-plater: «På gamle tufter» (1981) og «Skuggsjå» (1983). Songane på desse utgjevingane veksla mellom det humoristiske og det meir triste, med titlar som «Olaf og spikar’n» og «Dauingtjønna». Vi skal no gå nærmare inn på nokre av visene. Alle tekstane er skrivne av Jørgen A. Gravvold  (1930-2005) frå Surnadal, og attgjeve med løyve frå etterkomarane hans.

Svartedauden kjem
Pesta, personifiseringa av Svartedauden. Teikning: Theodor Kittelsen.

Sigrid og Knut

Bakgrunnen til denne visa er ei segn om Svartedauen frå Tustna på Nordmøre. Segna fortel at omtrent alle på øya Stabblandet døydde av pesten. Berre i Fjelnesdalen og på Soleim var det overlevande.

Ungguten som levde att i Fjelnesdalen kleiv til fjells og såg etter røyk som livsteikn frå andre menneske. Han såg røyk i nordvest og følgde røyken ned til Soleim, der han fann ei ungjenta som òg hadde overlevd som det einaste andre mennesket på heile Stabblandet. Desse to flytte så saman i Fjelnesdalen og sette bu der. Slik vart dei opphavet til nye slekter på Stabblandet.

Og svartedauden herja i tretten førti-ni, og halve folket døydde i pine. På Tustnastabbelandet fekk berre to gå fri frå sotta som tok alle dei hine.

Omkvede: Eg lengtar etter deg. Du lengtar etter meg. Det er så vondt å leva åleine

I Fjellingsdalen gjekk han så einsleg att, han Knut, da far og mor låg bleike på båre. Og vest i Solheimsundet ho Sigrid såg mot nut med augo som av saknad var såre.

Så tok dei ut på leiting, for inga sjel er nøgd med det å vildre einsam i verda. Og segna, ja ho seier dei møttest på ei høgd. Slik vart det mål og meining med ferda.

To augnepar fann kvile, to trøytte sinn fekk fred. To unge kjende kjærleikens styrke. Til Fjellingsdalen bar det, og der dei slo seg ned, forutan prest og signing i kyrkje.

Så lova dei kvarandre å leva der i lag, og fjell og fjord var vitne til orda. Og trugne mot sin lovnad, det var dei all sin dag, og fekk si løn av sjøen og jorda.

Og svartedauden herja i tretten førti-ni, og fattigmann og rik måtte vandre. Men nye ætter føddest på Stabblandet, fordi ho Sigrid og han Knut fann kvarandre.

 

Finnguten

Denne visa er dikta med bakgrunn i ei sann hending frå sist på 1800-talet. På denne tida levde det samar i fjelltraktene mellom Bøverdalen (Surnadal kommune) og Valsøyfjorden (Halsa kommune). Ein dag kom ein sjuk og forkomen samegut gåande frå Hardbakkfjellet og ned til staden Myrholtgjeret. Her fekk han pleie ei tid, men ein morgon var han plutseleg forsvunne. I songen står det at sameguten døydde av sjukdomen. Men dette veit vi ikkje sikkert. Det har aldri vore funne restar etter guten, så det er godt mogleg at han overlevde. Andaktsboka som er nemnd i visa, finst den dag i dag.  

Det kom ein finngut frå Hardbakkfjellet ein aprilmorgon med linnversus. Han drog seg ned imot Gammelgjerdet og stod i gangen og bad om hus

Han skolv og skaka i reinskinnsvamsen, og panna hans ho var heit som glo. Han fann seg plass på ein stol ved omnen og sat og hosta og spytta blod

På Gammelgjerdet der fekk han husrom i fjorten dagar, slik vert det sagt. Han låg i senga på kammersloftet, og Guro sat og heldt trufast vakt

Ho gav han kamfer, og mjølk med sirup når hosten herja og kroppen skok. Og guten låg under sauskinnsfellen og stirde trutt i ei andaktsbok

Med kvite fingrar han snudde blada og las om himmelens herlegdom. Men så ein morgon då Guro vakna, var gjesten borte og senga tom

Dei tok på leiting opp bratte lia langs sterstigen, i sving og krok. Og gøymt i lauvet bak Toresteinen dei fann ei velbruka andaktsbok

Men guten inne frå Hardbakkfjellet han hadde floge med såra veng. Han ville døy i sitt eige rike. – Han var ‘kje skapt for ei husmannsseng.

 

Olaf og spikar’n

Denne humoristiske songen er dikta på bakgrunn av ei eit arbeidsuhell, som Olaf Ålmo frå Rodalen i Halsa var ute for.

Du he kanskje haurt om ‘n Olaf? Han fikla og fer med så mangt, og at det ska løkkas bestandig det e vel for mykkju forlangt No ska du få hør om den gongjen han sett i stand hus åt ein kall Ein song om ‘n Olaf og spikar’n, og bestefarslampå så fall Ja,  bestefarslampå så fall

Han Olaf han dreiv oppå lofta og hamra og banka og slo, og plutseleg såg ‘n ein spikar så opp gjønnå loftsgolvet sto Ein eldgammel firkantåt fem-tom låg langs ette golva på skrå ‘Na spikar’n må vekk, tenkt ‘ n Olaf, for her ska det golvbelegg på Ja, her ska det golvbelegg på

Og ‘n Olaf han retta ut spikar’n og slo gjønnå loftsgolvet ned Det va da spetakkel te støggheit dem ein gong ha daska ti tre! Og spikar’n han jamra og bar seg, og hilt att ti steinharde bord Det va likså ‘n ba om forlatels, men han Olaf forsto kje eit ord Nei, han Olaf forsto kje eit ord

Der va det så vidt at ‘n stakk tu Snart skoill det bli spikarfritt golv! Han Olaf han doindra og daska så lyskronå dingla skolv Ja, lampå ni stuiånn ho svaia da spikar’n han fløtta seg ned Ho hengt ti ein eldgammel fem-tom, men han Olaf han visst ikkje det Nei, han Olaf han visst ikkje det

Og så va det endeleg avgjort at spikar’n ha mista sett tak Og bestefarslampå ho deisa ni golvet med doinder og brak! Han Olaf e fremdeles snekkar med hammar og blå overall Men kvar gong han dreg tu ein fem-tom, da tenkje’ n på glas og krystall! Ja, da tenkje’n på glas og krystall!

 

Kolbjørn BottenBotten som soloartist

Etter at «Skuggsjå» vart oppløyst ein gong på 80-talet, har Kolbjørn Botten heldt fram med visesong som solo-artist. Han opptrer ein del på Nordmøre og traktene ikring, og har gjeve ut to CD-ar: «Månin dre…» (1996) og «Morild i blodet» (2003). Frode Fjellheim har vore med som musikar på begge platene.

Også her er tekstane stort sett skrivne av lokale Nordmørs-poetar. Utgjevinga frå 2003 inneheld mellom anna ein av dei siste tekstane frå Hans Hyldbakk (1898-2001) si hand: «Eg har ein heim».

Botten planlegg å gje ut ein ny CD i løpet av sommaren 2012. Han har uttala at tematikken for denne utgjevinga skal vera «liv og kultur på vannveien fra fossen til fjorden og havet». Kolbjørn Botten er særs oppteken av kystkultur, både historisk og moderne. Mange av songane på dei to solo-utgjevingane hans speglar i stor grad dette: «Fesken i Vinj’fjorden», «Strandsettarsong» og «Byen lengter etter vannet».

Botten var initiativtakar til Fosskonserten, ein årleg konsert i Valsøyfossen i Halsa kommune. Artistar på dette arrangementet har m.a. vore Åge Aleksandersen, Transjoik og Vamp. I 2010 vart Botten tildelt Kongens fortenestemedalje i sylv for innsatsen sin for kulturlivet i Halsa. Til slutt tek vi med ei lita filmatisert dramatisering av songen «Fesken i Vinj’fjorden», frå «Månin dre…».

Les meir:

 Publisert: 2. jul 2012.